Bli medlem
Herøy kajakklubb (HKK) er medlem av Norges Idrettsforbund (NIF) og det underliggande særforbundet Norges Padleforbund (NPF). For å bli medlem i kajakklubben må en melde seg inn gjennom NIF sitt medlemsystem “Min idrett”. Medlemskap, minimum grunnkurs hav og betalt årskontigent er ein forutsetning for å få tilgang til klubbens naust og utstyr på egenhånd. Det skal være både trygt og triveleg å vere medlem hos oss, vi ynskjer deg velkommen og gler oss til å bli kjent med deg.
Korleis melde seg inn i “Min idrett” og bli medlem i HKK
Først opprette profil på Min idrett om du ikkje har det frå før
Når du har profil logger du deg inn her
trykk på fanen “Medlemskap” ca. midt på, oppe på sida
trykk på fanen “finn klubb” over navnet ditt: https://mi.nif.no/Membership
søk etter “ Herøy kajakklubb “ (viktig med rett staving)
trykk søk og det vil dukke opp “herøy kajakklubb” nede på sida
trykk på den og det vil dukke opp info til høgre
huk då av for “padling” og “havpadling”
trykk deretter på “send søknad”
Då er det berre å vente til søknad er godkjent, normalt innan nokre timar, men opp til eit døgn, då dette blir behandla av nokre få i styret.
Når medlemskapet blir godkjent, får du ein faktura i “Min idrett” og på epost. Den må vere betalt før kurset begynner (hugs å bruke KID-nummer om du betaler efaktura). Ta med kvittering om det er betalt nært opp til kurset.
Prisar
Medlemskap pr/år | Grunnkurs hav medlemmspris | |
---|---|---|
Ung <19 år | 100 kr | 1000 kr |
Vaksen | 400 kr | 2400 kr |
Familie | 700 kr |
Sjå tabell under for prisar. Kontingent betales ved innmelding i klubben, deretter faktureres dette en gang i året så lenge ein er medlem.
HERØY KAJAKKLUBB
Vippsnummer: 124088